Gunnar Grytås «Malmtunge spor»

Onsdag 18. oktober kl. 18.30 vart forfattar Gunnar Grytåas bokbada av redaktør Cecilie Seiness frå forlaget Samlaget i samband med boka hans Malmtunge spor: Meir enn ei jernbanehistorie. Bokbadet skjer i Narviksenteret sitt auditorium Ragnhild Olstad-salen.

For over 140 år sidan vart det avgjord at det skulle byggjast jernbane frå kyst til kyst mellom Nord-Sverige og Nord-Noreg. Den 475 kilometer lange linja vart bygd med eitt føremål: å frakte jernmalm kortaste vegen frå gruvene i Norrbotn til ei isfri hamn i Narvik. På 115 år har kring 1130 millionar tonn malm vorte frakta med Ofotbanen, eit ufatteleg stort kvantum. Historia om Ofotbanen er ei uvanleg spennande industrihistorie frå ein arktisk utkant av verda.

Det handlar om gruvedriftselskapet LKAB, om byane langs linja, Narvik og Kiruna, og om bana som bind alt saman. Ofotbanen har til skiftande tider, men heile tida langs same sporet, vore avgjerande for utviklinga på Nordkalotten. Utan ei jernbane ville samfunna, arbeidslivet, politikken og kulturen vore annleis. Frå historia om bana, «bolaget» og byane går det mange sidespor til andre delar av svensk, norsk og europeisk historie.

Samarbeidspartnere